Drapstiltalt 18-åring var rusa på hasj, MDMA og alkohol

DRAPSSAK: Sunniva Ødegård vart funnen død på ein grussti ikkje langt frå denne jernbaneundergangen på Varhaug. Kripos var på staden allereie morgonen etter funnet, og politiet gjekk tidleg ut med at det var snakk om drap.

DRAPSSAK: Sunniva Ødegård vart funnen død på ein grussti ikkje langt frå denne jernbaneundergangen på Varhaug. Kripos var på staden allereie morgonen etter funnet, og politiet gjekk tidleg ut med at det var snakk om drap. Foto:

Langvarig hasjrøyking kan utløysa psykose, opplyste rusekspert i retten.

DEL

Ein 18 år gammal mann frå Varhaug er tiltalt for å ha drepe Sunniva Ødegård (13) natt til 30. juli i fjor. Det er i utgangspunktet sett av ni dagar i Jæren tingrett til rettssaka.

Første vitne onsdag var Dordi Lea, overlege i patologi ved Stavanger universitetssjukehus. Ho er rettsmedisinsk sakkunnig under rettssaka og var med på deler av politiet si åstadsundersøking på Varhaug 30. juli.

Lea gjennomførte òg ei klinisk undersøking av den drapstiltalte 18-åringen. Ho kunne mellom anna opplysa om at han var rusa på hasj, MDMA og alkohol då han kom til politiet.

– Eg blei utkalla på morgonen 30. juli 2018, og var på Varhaug frå cirka 07.20 fram til 11.30. På det tidspunktet var ikkje sjølve gjerningsstaden avklart. Det var utfordrande med tanke på vêr og vind, og første delen blei brukt til å sikra staden før me kom i gang med undersøkingane, fortalde Lea i retten.

Til liks med fleire andre som har vitna, kjende Lea ei kraftig bensinlukt i området. 18-åringen er tiltalt for å ha forsøkt å tenna på liket.

Usikkert dødstidspunkt

Så gjekk legen gjennom obduksjonsrapporten. Under den detaljerte framstillinga sat tiltalte for det meste som han har gjort under store deler av rettssaka så langt – støtta hovudet med begge hendene og såg ned i bordet.

Ifølge Lea døydde truleg Sunniva Ødegård ein gong mellom klokka 22.50 og midnatt. Dødsårsaka var hovudskadar, men 13-åringen døydde mest sannsynleg ikkje av det første slaget.

Truleg vart ho bevisstlaus etter det første slaget og døydde av slag nummer to og tre.

– Kan du seia sikkert når ho vart bevisstlaus? spurde tingrettsdommar Gunn Elin Lode.

– Nei, svarte Lea.

Tiltalte har tidlegare forklart at han angreip Sunniva med ein hammar på ein grussti som går parallelt med jernbanesporet. Så flytta han jenta til ei steintrapp like ved, der han slo to slag til.

Kjærasten til Sunniva snakka med 13-åringen i telefonen då ho vart angripen. Det har tidlegare kome fram i retten at dette var rundt klokka 22.45 søndag 29. juli.

– Ho sa «Oh, shit!» og så vart det heilt stille, fortalde ungguten.

Ingen spor etter påstått medhjelpar

Neste vitne var DNA-ekspert Bente Mevåg frå Folkehelseinstituttet (FHI). Ho forklarte seg i retten over telefon.

FHI har mellom anna undersøkt DNA-prøver frå ein mann som den drapstiltalte 18-åringen hevdar prøvde å tenna på liket. Dei har ikkje funne nokon spor etter mannen på staden.

Aktor har tidlegare opplyst om at påtalemyndigheita ikkje trur på forklaringa til tiltalte på akkurat dette punktet.

– Politiet har etterforska denne påstanden, og me meiner at denne personen ikkje var på Varhaug på dette tidspunktet, sa aktor Nina Grande i sitt innleiingsføredrag.

Onsdag var den tidlegare kjærasten til mannen i retten. Ho fortalde at han kom heim rundt klokka 23.00-23.30 og var heime heile natta. Ein politibetjent kunne òg opplysa om at det ikkje hadde vore nokon taxiturar til Varhaug på drapsnatta.

Hasjrøyking kan ha utløyst psykose

Gudrun Høiseth var med som vitne via telefon. Ho er overlege ved Divisjon for rettstoksikologi og rusmiddelforskning ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Ved hjelp av fleire blodprøver, urinprøver og hårprøver har FHI mellom anna slått fast at tiltalte røykte hasj jamleg i fleire månader før drapet, og at inntaket av cannabis var stort like før drapskvelden. Prøvene indikerer dagleg bruk den siste tida før 30. juli.

Tiltalte har forklart at han inntok MDMA berre éin gong, to dagar før drapet. Ifølge Høiseth er det lite sannsynleg. Prøvene tyder heller ikkje på at han har brukt MDMA/ecstasy veldig mange gonger, men det er truleg snakk om meir enn eitt tilfelle.

I løpet av dei siste dagane før drapskvelden, inntok tenåringen òg morfin i ei eller anna form. I tillegg viser prøvene at han hadde rundt 1 i alkoholpromille.

Den 18 år gamle mannen erkjenner å ha drepe Sunniva Ødegård, men nektar straffskuld fordi han meiner han var psykotisk. Aktoratet meiner psykosen var sjølvpåført gjennom rus, og at den unge mannen dermed kan dømmast til fengselsstraff eller forvaring.

For tida er 18-åringen innlagd på psykiatrisk avdeling ved Stavanger Universitetssjukehus. Han har mellom anna fått diagnosen schizofreni.

Advokat Tor Inge Borgersen, som er forsvararen til tiltalte, lurte på om langvarig bruk av cannabis kan utløysa underliggande schizofreni.

– Inntak av hasj kan føra til at psykotiske trekk blir synlege, sa Høiseth som svar på spørsmålet på generelt grunnlag, men understreka samtidig at ho ikkje er ekspert på schizofreni.

– Av dei aktuelle stoffa i denne saka, er intensiv bruk av THC (det viktigaste verkestoffet i cannabis/hasj, red. anm.) det med mest potensial for å utløysa psykose, konkluderte ruseksperten frå FHI.


Artikkeltags