Drapstiltalte bad kamerat om hjelp til å tenna på skule

JÆREN TINGRETT: Tysdag tok fleire vitne plass i vitneboksen i tingretten. På bildet ser me aktor i saka, statsadvokat Nina Grande.

JÆREN TINGRETT: Tysdag tok fleire vitne plass i vitneboksen i tingretten. På bildet ser me aktor i saka, statsadvokat Nina Grande. Foto:

- Han spurde om eg kunna møta han der med ei flaske bensin, fortalde vitnet i retten.

DEL

Dei siste dagane har mange vitne forklart seg i rettssaka etter Varhaug-drapet. Tysdag føremiddag var mellom anna faren til Sunniva Ødegård i vitneboksen.

– Eg har jo visst det meste, for så vidt, men det er jo litt meir sterkt når ein sit her. Du får det frå ein person har som gjort det i tillegg, sa faren om korleis det har vore å følgja saka i retten.

Den drapstiltalte 18-åringen såg ned i bordet heile tida medan faren til Sunniva forklarte seg.

Tidlegare på dagen fortalde to vitne om sine observasjonar på Varhaug søndag 29. juli. Begge såg truleg Sunniva og drapsmannen kort tid før den då 17 år gamle gjerningsmannen angreip den fire år yngre jenta.

«Det hadde vore løye å drepa nokon»

Det fjerde vitnet tysdag var ein ungdom frå Varhaug. Han omtala seg sjølv som ein kamerat, men ikkje ein nær venn, av den tiltalte 18-åringen.

Tenåringen var utanfor gatekjøkkenet på Varhaug då far til Sunniva kom for å sjå etter dottera på kvelden 29. juli.

– Like etter kom NN (tiltalte, red. anm.) syklande forbi. Han sykla ganske fort og såg ikkje på oss. Eg tykte det var litt rart, for han brukte alltid å koma innom eller helsa på, fortalde han.

I tidlegare avhøyr har vitnet sagt til politiet at tiltalte på eit tidspunktet hadde sagt at «det hadde vore løye å drepa nokon – og i alle fall politiet». Vitnet hugsa ikkje ordrett kva som blei sagt, men det var noko i den duren.

– Eg trudde det berre var for tull. Men eg visste at han ikkje likte politiet. Han følte sikkert at dei var ute etter å ta han, sa kameraten i retten.

Snakka om tortur-nettside

– Nokre veker tidlegare var det ein brann på Varhaug ungdomsskule. Kva veit du om det? spurde aktor, statsadvokat Nina Grande.

Vitnet fortalde så at 18-åringen hadde fortalt at han hadde vore inne på ungdomsskulen, og at han sjølv hadde fått tilbod om å bli med på å utøva hærverk mot skulen.

– Han spurde om eg kunna møta han der med ei flaske bensin. Han spurde òg om eg kunne ta med fyrverkeri som han kunne skyta inn på ungdomsskulen. Men eg sa at eg ikkje ville vera med på det, forklarte tenåringen i retten.

Kameraten fortalde òg at laurdagen før drapet hadde dei fanga ei fluge i ei flaske. Då sa tiltalte at han visste om ei nettside der ein heller kunne sjå på at menneske vart pinte.

Advokat Tor Inge Borgersen, som er forsvararen til 18-åringen, lurte på korleis klienten hans hadde oppført seg medan han forklarte for andre om brutale videoar på nett.

– Han sa berre at han visste om ei nettside der det var videoar med menneske. Men han fortalde i grunn ikkje så mange detaljar rundt det, sa kameraten i retten.

Borgersen viste så til tidlegare politiavhøyr av kameraten, der det var snakk om meir detaljar om videoar. Då fortalde vitnet at tiltalte lo av ein video der nokon fekk kappa av hovudet.

– Var det noko som overraska deg? spurde Borgersen.

– Ja, det gjorde nok det, sa ungguten.

Vitne såg tiltalte to gonger

Etterpå var nok eit vitne på plass i retten; ein tenåringsgut som var utanfor gatekjøkkenet på kveldstid søndag 29. juli. Vitnet kjende ikkje den drapstiltalte 18-åringen, men visste kven han var.

– Eg såg han to gonger, fortalde tenåringen, som av andre fekk høyra at guten på sykkelen vanlegvis brukte å stoppa eller helsa på dei andre. Dette gjorde han ikkje denne kvelden.

Dette vitnet var òg utanfor gatekjøkkenet då faren til Sunniva kom for å leita etter dottera.

Ville ikkje sjå på bilda

Tre kriminalteknikarar leia så ein gjennomgang av tekniske bevis frå drapsnatta.

Den tiltalte 18-åringen såg ned då fleire detaljerte bilde frå funnstaden kom opp på dataskjermane i rettssalen.

Attmed kroppen til den 13 år gamle jenta fann kriminalteknikarane mellom anna ein sigarettsneip. På denne oppdaga dei DNA frå 18-åringen. Dei fann òg fleire andre DNA-spor frå tiltalte på funnstaden.

I si forklaring i retten sa tiltalte at han slo totalt tre slag med ein hammar mot hovudet til Sunniva. Han trudde sjølv at den 13 år gamle jenta døydde allereie då han slo det første slaget på grusstien.

Etter dette slaget slepte han Sunniva til ei steintrapp ved ein bustad like ved. Kriminalteknikarane meiner at drapsofferet døydde av slaga ho fekk i denne trappa.

Fleire blodspor i heimen

I ein vask i bustaden til tiltalte fann kriminalteknikarane blodspor som dei kunne spora til Sunniva Ødegård. Det blei gjort grundige undersøkingar i huset kort tid etter at 18-åringen vart sikta for drapet, og det vart funne blod på hammaren og teipen som tiltalte hadde hatt med seg i sekken.

Aktor lurte på om det vart funne fingeravtrykk frå andre personar på flaska med bensin som tiltalte hadde hatt med seg. Dette vart avkrefta av kriminalteknikarane.

Både i avhøyr og i retten har 18-åringen sagt at han møtte ein annan person ved grusvegen, at dei skulle hella bensin på liket og tenna på. Han er tiltalt for falsk anklage mot denne personen, og påtalemyndigheita meiner at vedkomande ikkje var på Varhaug på dette tidspunktet.

– Me meiner å ha tekniske bevis som knyter tiltalte i saka til liket, konkluderte Kripos-kriminalteknikar Øivind Strand.

Han viste mellom anna til DNA-spora på funnstaden og blodspora i heimen til tiltalte.

Sa ingenting om hammaren

Mot slutten av dagen vitna ein politibetjent som var med på å sikra gjenstandar frå bustaden til tiltalte. Her supplerte aktor med å opplysa om at far til tiltalte ikkje nemnde noko om ein hammar i sitt første politiavhøyr.

Hammaren, som vart brukt som drapsvåpen, vart funnen av faren. Han tørka så blod av den. Måndag kom det fram at faren er tiltalt for å ha forsøkt å unndra bevis.

I tillegg var ein Kripos-ingeniør til stades i retten for å orientera om tekniske undersøkingar. Ho opplyste at det var tydeleg at teipbitane ved liket av Sunniva kom frå teiprullen som politiet fann i garasjen ved heimen til tiltalte.

Omtala skulebrannen som «innfall»

Heilt til slutt tysdag tok tiltalte plass i vitneboksen for å svara på nokre spørsmål.

Aktor lurte mellom anna på om han hugsa noko meir om brannen på Varhaug ungdomsskule natt til 7. juli. 18-åringen er tiltalt for å ha helt bensin inn eit knust vindauge og tent på.

Tiltalte sa at han ikkje hugsar noko om dette, men at det nok er sannsynleg at det var han som stod bak.

I avhøyr har 18-åringen blitt konfrontert med at han 6. juli såg på to videoar om korleis tenna på hus. Aktor lurte på om han blir inspirert av slike videoar.

– Det kan vera ein samanheng, men eg kan ikkje hugsa dette, sa tiltalte.

Aktor prøvde òg å finna ut litt meir om motivet for å tenna på skulen, men fekk få gode svar frå 18-åringen.

– Var det berre eit innfall? spurte Grande.

– Ja, sa tiltalte.

Det var nokon inne på ungdomsskulen nokre dagar i førevegen. Aktor lurte på om det kan ha vore tiltalte, slik kameraten fortalde om i vitneboksen tidlegare på dagen.

– Det kan ikkje eg hugsa, sa 18-åringen.

Fekk dårleg samvit

Så hoppa aktor til eit avhøyr onsdag 1. august, og lurte på om tiltalte hugsa noko frå det. Det gjorde han ikkje. I avhøyret stilte den då 17 år gamle guten krav til å få tilgang til Facebook-profilen sin og mobiltelefonen sin før han ville forklara seg.

– Kvifor? spurde aktor.

– Eg hugsar ikkje, svarte 18-åringen.

Forsvararen, advokat Tor Inge Borgersen lurte så på om 18-åringen kunne seia noko om kva det var som gjorde at han valde å forklara seg i saka medan han sat fengsla i Bergen – og etter kvart erkjenna at det var han som hadde begått drapet.

– Eg fekk dårleg samvit fordi eg hadde drepe ho, svarte den drapstiltalte Varhaug-tenåringen.

Onsdag blir det mellom anna vitneførsel om obduksjon, DNA-funn og ruspåverking. I tillegg vil aktoratet henta inn vitne knytt til postane i tiltalen som handlar om falsk forklaring og branntilløp på Varhaug ungdomsskule.

Artikkeltags