Fyrst prøvde mannen å kjøra frå politet, så tok han beina fatt

Ein bilførar prøvde å stikka frå politiet på Horpestad. Ferda enda i arresten.

DEL

Rundt 04.00 natt til tysdag prøvde politiet å stoppa ein bil på Horpestad i Klepp.

Bilføraren hadde ingen ønske om å stoppa. Han prøvde fyrst å kjøra frå politiet, men då han fekk problem med bilen, gjekk ferda vidare til fots.

Mannen vart innhenta av politiet og det viste seg at han ikkje hadde gyldig førarkort.

Han framstod også som påverka og vart tatt med til legevakt for blodprøve og innsatt i arrest.

Artikkeltags