Mandag ettermiddag fekk politiet melding frå nokre ungar på Kvernaland om at dei hadde blitt jaga frå badeplassen av eldre ungdommar.
Politiet rykka ut og fekk dei aktuelle ungdommane i tale.
– Dei var berusa og sa dei berre hadde kasta kvarandre i vatnet, seier Morten Slettebø ved Jæren lensmannskontor.
Politiet snakka med ungdommane, men hendinga enda ikkje i noko politimelding.
Musikkstøy på Bryne
Rundt midnatt natt til tysdag, fekk politiet melding frå naboar om høg musikk på ein adresse i Bryne sentrum.
Politiet rykka ut og fekk dempa musikk og gav pålegg til personane som oppheldt seg på adressa om å halda ro resten av natta.