- Dette er eit nytt fenomen i bymiljøet i Bryne. Tidlegare har det fullt og heilt vore eit austlandsfenomen, kanskje éin og annan i storbyane. Her er det på mange måtar nytt, seier politikontakt i Time, Bjørn Søyland.

Årets russetid inkluderer ikkje mindre enn seks russebussar ved Bryne vgs., opp frå éin og to i åra før.

- Når det blir snakk om seks bussar, er det klart at me er litt bekymra for korleis det skal utvikla seg, og kva utfordringar det vil bringa med seg.

Tendens til meir bråk

Politiet har ikkje eigen merkelapp for russebussar i sitt system, men har ein for russ. 2017 vart det registrert 133 saker, eit tal som var auka til 195 i 2018.

- Det indikerer at problemet er blitt større i form av ulike former for klager på russen, meiner Søyland.

Noko kan tilskrivast høg musikk frå kraftige musikkanlegg. Noko er forsøpling, når mange russ kjem saman.

Eit anna ordensproblem gjeld russens oppførsel overfor politiet. Søyland viser til erfaringar frå fjoråret, der politiet er blitt tilkalla på grunn av bråk.

- Ein tendens me kan ana blant nokon russ, er at dei ikkje respekterer politiet og den rolla me har. Når me opplever å bli forhindra, eller nærmast overfalne, når me skal gjera jobben me er sette til å gjera, er det gått for langt.

Temaa er tekne opp i føredrag for russen og i møte med russestyret og dei bussansvarlege. Nokon av bussane har medlemmar frå fleire skular, noko som gjer det vanskelegare å halda oversikta.

Meir rus enn tidlegare

Politikontakten meiner å ha sett ei forverring dei seinare åra med tanke på rusproblematikk. Han ønskjer ikkje å generalisera om bruk av narkotika, men ser utslag av den pågåande samfunnsdebatten om liberalisering.

- Den debatten påverkar nok russen, og gjer at me kjem borti festdop og andre typar narkotika i større grad enn det me gjorde før. Det er me bekymra for, både for helsa til russen, men òg fordi det er eit straffbart forhold som framleis gjeld.

I løpet av siste halvdel av 2018 og 2019 har politiet teke fleire personar for bruk av narkotika, som kan knytast til fleire av bussene. På den eine bussen utgjer dette cirka 25 prosent av dei som tilhøyrer denne.

Vil ikkje ha med uvedkomande

- Me forstår sjølvsagt at det har positive sider ved å vera samla, og laga god stemning. Men det må likevel vera innanfor rammene som samfunnet har sett, og som politiet er sette til å følgja opp, seier Søyland.

Éin ting politiet har kommunisert overfor elevane ved den vidaregåande skulen, er at russetida er meint for russen, ikkje for andre.

Éi side er eldre personar som er russ gjennom fleire år, etter dei er ferdige med skulen. Den andre er mindreårige som er med og rullar, problematisert med historier om yngre jenter som er gått langt for å bli ein del av rullinga.

- Viss bussane blir stoppa og kontrollerte, og me finn mindreårige på ein buss, kan konsekvensen vera at me ringjer foreldra og bed dei om å koma og henta, seier Søyland

Aksepterer ikkje kidnapping

Éi av dei store utfordringane politioverbetjenten peikar på, er sosiale. Uniformering og skifte av konsept, gjerne fleire gongar i russetida, bidreg til styrkja gruppetilhøyrsla i bussane.

- Store grupper kan skapa eit press, som gjer at ein går lenger enn det ein hadde tenkt ein skulle gjera.

«Raiding» er etablert som ein del av russetida, noko politiet liker dårleg. Raida kan rettast mot andre russ, eller mot tredjepartar, og vera alt frå kasting av egg, til bortføring.

Erfaringane er at folk reagerer veldig ulikt. Nokon kan tykkja at det til ein viss grad, er morosamt. For andre kan det vera ei traumatisk erfaring. I tillegg er det vera straffbart.

Vil ha minst mogleg å gjera

Politiet kjem òg til å følgja med på om sjåførane er edru, at det ikkje er for mange folk om bord i bussane, teknisk stand på køyretøya og musikkvolum.

- Me håper at russen kan stå for ei ansvarleg feiring, slik at me i minst mogleg grad treng å engasjera oss. For me er òg opptekne av at russen skal få ha det greitt og ha ei positiv feiring, men det må vera med måte og innanfor dei rammene samfunnet har laga for alle, ikkje berre for russen.