Politiet stoppa bil med ulike og stolne skilt

DEL

Onsdag kveld stoppa politiet ein bil med ulike skilt framme og bak, på Vigre i Hå kommune.

Føraren av bilen var ein mann frå Jæren, i slutten av 20-åra. Han kunne ikkje visa fram gyldig førarkort, og har heller ikkje førarrett.

Politiet på staden meinte mannen verka påverka av rus, noko som vart stadfesta etter at prøver vart tatt på legevakta. Politiet opprettar sak.

- Han har køyrt i ruspåverka tilstand, køyrt med falske kjennemerke som begge er melde stolne, og ikkje har han førarkort. Så det blir fleire forhold, oppsummerer operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen.

Artikkeltags