249 bilistar stoppa i promillekontrollar på to dagar

To sjåførar måtte venta, men fekk kjøra vidare.

DEL

Tysdag hadde Utrykkingspolitiet ein kontroll i Jærvegen i Klepp kommune. 168 bilførarar vart kontrollerte. To av desse måtte ta ein pause, då blåseprøven gav utslag.

Det viste seg at promillen var under grensa på 0,2 og begge fekk kjøra vidare.

Dagen etter rigga politiet seg til igjen, denne gongen i Orstadvegen i Klepp. Her vart 81 kontrollerte i morgontimane. Alle fekk kjøra vidare.

I tillegg hadde politiet ein fartskontroll i O.G Kvernelands veg på Kvernaland rundt 10.00 onsdag.

Fem bilistar kjørte for fort og fekk forenkla førelegg. Høgaste målet fart var 56 i 40-sona.

Artikkeltags