To fartskontrollar på få dagar på Kvernaland

For andre gongen denne veka hadde politiet fartskontroll i Kvernalands-området.

DEL

Torsdag kveld var politiet igjen på plass i denne delen av Time kommune. Denne gongen på Kalberg.

Kontrollen vart gjennomført frå 19.30-20.30.

Tre bilførarar fekk forenkla førelegg. Den høgaste, målte farten var 64 km/t i 50-sona.

To dagar tidlegare vart åtte bilistar stoppa i 40-sona på Frøyland.


Artikkeltags