Ungdom (16) krasja med ATV: – Har innrømt å ha vore toskjen

Fleire ungdommar køyrde ukontrollert ved Jærhagen i helga.

DEL

Politiet rykka ut til området ved kjøpesenteret på Kleppe laurdag kveld, etter tips om uvettig køyring med firhjularar.

Ein av ungdommane, steila og kolliderte med ein parkert bil.

– Han har innrømt at å ha vore toskjen, seier politioverbetjent Arild Oftedal, som les frå politiloggen.

Politiet melde om hendinga 20.55 laurdag kveld. Sekstenåringen må rekna med å betala for skadane på bilen.

Artikkeltags