Natt til fredag: Kjørte mot møtande bilar i feil kjørefelt

Ein person mista førarkortet seint torsdag kveld. Det var sjåføren av ein møtande bil som melde frå om at ein bil nesten kolliderte med han ved Jærhagen på Kleppe 23.10. Ferda heldt fram mot Bryne, men bilen vart stoppa på Brautsletta av politiet rundt 23.30. Bilføraren framstod som rusa og vart tatt med til legevakta for sjekk. Førarkortet vart beslaglagt.

Artikkeltags