Ungdom slo laus på bilar – knuste to frontruter

To Pizzabaker-bilar fekk store skader etter hærverk laurdag morgon.

DEL

Politiloggen fra helga Tidleg laurdag morgon fekk politiet melding om skadeverk på to bilar. Bilane stod parkerte i Revegen på Bryne.

– Bilane fekk store skader. Begge frontrutene vart knuste, opplyser politioverbetjent Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor.

Russebråk

Oftedal opplyser vidare at ein ungdom er pågripen og mistenkt for å stå bak skadeverket. Han vil også bli meldt for truslar mot politiet.

Politiet hadde generelt ei travel helg, som starta med bråk knytt til eit arrangement for kommande russ på ein uteplass på Bryne.

Russen har starta feiringa. Full slåstkamp på Bryne

Midt på dagen laurdag rykka politiet ut til Bryne sentrum igjen, denne gong for å fjerna ein tydeleg berusa person.

Fyrverkeri på Varhaug

Lørdagskvelden kom det også mange meldingar frå Varhaug. Alle dreidde seg om det same: Ulovleg oppsending av fyrverkeri.

Meldingane gjekk på at det vart sendt opp fyrverkeri i sentrum av Varhaug, ved jernbanen.

Dette er ulovleg og kan bli bøtlagt.


Artikkeltags