Ungdommar plagar familie på Nærbø. Banka så hardt at døra knuste

Ein familie på Nærbø har over tid vore plana av at nokon bankar hardt på døra.

DEL
Bankinga gir seg ikkje før døra blir opna. Politioverbetjent ved Jæren lensmannskontor Arild Oftedal, fortel at dei har fått meldingar frå denne familien over tid.

Onsdag vart det banka så hardt på døra, at glaset knuste.

– Då politiet kom fram, var det ingen der, men me har oppretta sak og vil ta tak i dette, seier Oftedal.

Skadeverket vart meldt til politiet rundt 18.15 onsdag.

Politiet mistenkjer at det er unge ungdommar som står bak hendingane og har tidlegare vore i kontakt med fleire foreldre på Nærbø.



Artikkeltags