Bilen stod i gardsrommet torsdag kveld. Fredag morgon var han vekke

Ein Toyota Avensis er stolen frå eit gardsrom på Nærbø.

DEL

Tjuveriet skjedde i løpet av natt til fredag. Bilen, som er ein Toyota Avensis, stod parkert utanfor eit hus i Bjorlandsvegen på Nærbø.

– Tjuveriet har skjedd ein gong mellom 23.00 torsdag kveld og 07.00 fredag morgon, opplyser politioverbetjent Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor.

Bilen har kjennetikn: RZ 30653.

Politiet er interesserte i tips.

Artikkeltags