Stal trehjulssykkel frå pub

Ein stor sykkel med tre hjul vart stolen frå Bryne sentrum natt til sundag.

DEL

Sykkelen stod parkert utanfor puben Thime Station like ved torget på Bryne.

Tjuveriet er meldt rundt 00.45 natt til sundag.

Sykkelen blir skildra som ein trehjuling og er eit hjelpemiddel som eigaren er avhengig av på grunn av sjukdom.

Politiet ønskjer å koma i kontakt med eventuelle vitne til hendinga, eller andre som kan ha sett denne sykkelen.

Artikkeltags