Onsdag morgon tok ein politipatrulje turen til Orre skule for å snakka med elevane og sjå på refleksbruken.

- Resultatet på Orre i dag var veldig positivt. Veldig mange av elevane hadde refleks, fortel Oftedal.

Tradisjonen tru fokuserer politiet på dette no når det har begynt å haustast.

- Når det er mørkt, og særleg når det er vått i tillegg - slik det var i dag - er det viktig at alle brukar refleks. Ein blir så mykje meir synleg for dei køyrande då, så refleks er viktig for tryggleiken, seier Oftedal.

Han oppfordrar difor alle foreldre til å finna fram refleksar og passa på at dei blir tekne i bruk.