Even (24) «Amundsen» arrangerte ellevill gummibåt-fest i Håelva

04. august 2019, kl. 15:00

– Ideen kom eigentleg på eit nachspiel, fortel Even Njærheim – eller «Amundsen», som kameratane kallar han. I 2017 arrangerte han for første gong gummibåt-seilas i Håelva. Det var så kjekt at det blei gjort to gongar same sommaren. I 2018 var det dessverre for varmt og for lite vatn i elva, men laurdag ettermiddag var det temmeleg perfekte forhold, og rundt 20 personar la utpå ved jernbanebrua på Haugland.