Råkøyrar tatt i 112 km/t på Lye: – Det er altfor fort

DEL

Politiet gjennomførte fartskontroll med laser, i 20-tida onsdag kveld. Det skjedde i 70-sona på veg opp til Lye, frå Bryne.

Seks personar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Ein sjuande person mista lappen på flekken.

Bilen vart målt til 112 km/t. Personen måtte setja frå seg bilen, og politiet har oppretta sak.

– Det er altfor fort, konstaterer politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren lensmannskontor.

Kontrollen på Lye var den andre på Jæren onsdag. Tidlegare på dagen, i Saltebakken i Klepp, fekk ni bilistar forenkla førelegg og ein mista lappen.

Slik er grensene for førerkortbeslag under normale forhold

  • 30-sone: 56 km/t
  • 40-sone: 66 km/t
  • 50-sone: 76 km/t
  • 60-sone: 86 km/t
  • 70-sone: 106 km/t
  • 80-sone: 116 km/t
  • 90-sone: 126 km/t
  • 100-sone: 141 km/
  • 110-sone: 151 km/t

Artikkeltags