Det er mykje som er feil med internasjonal fotball. Korrupsjon, skitne pengar og klubbeigarar som nyttar fotballen til såkalla sportsvasking. Det vil seia å bruke sponsing av idrett til å ta fokus vekk frå kritikkverdige tilhøve i eit land, ei bedrift eller ein person.

Brannbataljonen hadde under kampen mellom Bryne og Brann ei markering retta mot Jæren, Bryne og Erling Braut Haaland. Bakgrunnen er at han spelar for Manchester City. Når eg kritiserer markeringa er det ikkje fordi eg har sympati med eigarane til Manchester City. Det er dårlege menneskjer som det er all grunn til å ta avstand frå.

Min kritikk er retta mot den dobbeltmoralen som ligg i markeringa. Det har ikkje Svein F. Hestvaag fått med seg og deler ut eit gult kort til meg. Bortedømming vil eg meine.

Les også

Gult kort, Geir Pollestad

Premier League er verdas mest attraktive fotball-liga. Det er den fordi mange rike folk med høgst ulik moralske verdiar har putta eventyrleg mykje pengar inn i klubbane. Ein god del av desse pengane kan trygt verte kalla for blodpengar. Har me alle eit «ansvar» for dette eller ligg «ansvaret» berre på dei som heier eller spelar på akkurat dei klubbane som no har tvilsame eigarar?

Kva med oss som kvar månad betaler 649,- til ViaPlay for eksempel for å sjå at Leeds speler mot Chelsea eller City. Me gjer det jo fordi nokon har betalt for at verdas beste fotballspelerar finn vegen til England.

Mitt lag i England er Tottenham. Dei er reint objektivt attraktive både fordi dei har dei beste spelerane, dei finaste draktene og det beste stadionet, men og fordi dei spelar mot gode lag som City, Newcastle og Chelsea. Det er ein del av same sirkus og nyt jo godt av at lag som til dømes City har gode spelerar.

Vidare er det eit spørsmål kva ansvar me skal legge på enkeltpersonar som til dømes Erling Braut Haaland?

Når EU, UEFA, FIFA, UK og Premier League ikkje protesterer eller set inn tiltak mot klubbane og deira eigarar så er det etter mitt syn i overkant at unge fotballspelerar skal bera det moralske ansvaret åleine.

Spelarane skal snakke med føtene og så kan politikarane ta ansvaret for politikken.

VM i Qatar viser korleis dei som bestemmer internasjonal fotball knip att auga for brot på menneskerettar og korrupsjon. Trass i dette kjem både eg og dei fleste under banneret til Brann kjem til å fylgja VM.

Så til dei som har forsøkt å gjera mitt engasjement mot Brann og for Erling til at eg har ein sympati for blodige regimer. Det er feil.

Realiteten er likevel at internasjonal fotball vert halde oppe av skitne pengar. Det er ein kamp me alle må ta – og då vert det feil at nokre få skal stå reine og ranke og peike på nokre få andre og be dei skjerpe seg. Det var det som skjedde på Bryne stadion. Me som er glade i fotball har eit felles ansvar for idretten – og då må me rette skytset mot eigarane og systemet. Det er mitt poeng.

Som provokasjon fungerte Brannfansen sitt stunt utmerka. Både eg og andre beit på det som nok i realiteten er ei hemn for då 17-åringen frå Jæren skåra fire mål mot Brann i løpet av 20 minutt.

Så kvifor raudt kort til Hestvaag?

Eit gult for å bu på Jæren og heie på Brann og så eit gult for å feilaktig ha gitt meg gult kort.

Det blir raudt kort på Hestvaag.

Kaster Brann-drakta i søpla etter dette banneret: – Dobbeltmoralsk