Namn: Reidar Skretting

Alder: 36

Bustad: Varhaug

– Kva er ditt beste juleminne?

– Då eg var liten og vakna til julesokk julaftan morgon. Då eg kom ned i stova hadde dei fyrt i omnen, og eg kunne setja meg ned og sjå på alt det gilde som dei viste på fjernsynet. Litt etter litt kom også lukta av pinnekjøt og ribbe.

– Kva ønskjer du deg til jul?

– Eit godt spørsmål. Eg er blitt så gammal at det er gildare å sjå at ungane blir glade for det dei får, enn å ønskja seg noko sjølv. Det gildaste for meg er å gleda andre på julaftan.

– Kva ser du mest fram til i jula?

– Eg har ein travel jobb i førjulstida. Når julerushet er over, ser eg fram til å siga ned i sofaen i lag med familien, og kosa meg i lag med dei. Det er ikkje så mykje eg ser til familien i denne travle tida, og det skal bli veldig greitt å vera meir i lag.

– Team ribbe eller team pinnekjøt?

– Team ribbe, utan tvil. Det er litt utradisjonelt på Jæren, men ribba skal vera marmorert og ha sprø svor, og etast med mykje godt tilbehøyr.

Lukene i julekalenderen

1. desember: Sara Øyri og Rebekka Valskår

2. desember: Ida Jaarvik Hetland

3. desember: Kristi Tveito

4. desember: Astrid Moe Eikrem

5. desember: Gunn Sør-Reime

6. desember: Kristin Bryne Aasen

7. desember: Mathias Engstrøm Sandstøl

8. desember: Marthe Kristiansen

9. desember: Sam Danby

10. desember: Petter Dubland

11. desember: Ida Vold

12. desember: Lise Reve

13. desember: Lisbeth Valentina Bakken

14. desember: Reidar Skretting

15. desember: Katrine Rasmussen

16. desember: Susanne Horpestad

17. desember: Tønnes S. Hetland

18. desember: Andrea Norheim

19. desember: Marthe Engstrøm Sandstøl

20. desember: Grethe Hadland og Johanne Hadland (2)

21. desember: Anne-Marie Marcher

22. desember: Sunniva Hole