– Det kom heilt ut av det blå: alvorlege problem med sjølve bygget, som gjer at det må renoverast.

I helga vart det påvist problem som gjorde at dagleg leiar Marianne Orstad måtte stenga restauranten på ubestemt tid. Skadane er så omfattende at dei hindrar dagleg drift mens utbetringane pågår.

Restauranten stengde sundag. På måndag vart det funne ein del manglar, men omfanget blir ikkje klart før takstfolka kjem onsdag.

Marianne Orstad seier at ho har fått mange meldingar, e-post og anrop frå kundar.

Tysdag sende ho ut pressemelding for å få fram at årsaka til stenginga ikkje er triviell. Ho har også informert på Facebook.

– Skadeomfanget er stort, det er alvorlege ting med bygget som gjer at dette tar tid. Me vil at bygget skal opp og gå, så fort som mogleg, samstundes som me vil at jobben skal gjerast skikkeleg, seier Orstad.

Ventar inntektstap

– Me må stenga inntil vidare. Dei har estimert to veker, men eg håper at me greier å opna før. Eg håper ikkje det tar lenger tid.

Kundebesøket som har vore stigande etter korona-opninga, stoppar opp. Eit sushikurs som skulle vore halde neste veke, må utsetjast.

Folk som har bestilt julebord, blir sterkt oppfordra til å utsetja og koma tilbake når restauranten kan opna att i desember.

Marianne Orstad seier at driftsavbrotet er meldt til forsikringsselskapet, og at dei håper å få dekt delar av innteksttapet. Totalt har restauranten 13 tilsette, som skal ha betalt ut løn.

Blant dei 13 er to sushikokkar, som skulle trena seg opp før Orstad opnar sin andre sushirestaurant, på Jærhagen, seinare i månaden. Kokkane vil i staden få opptrening ved andre Sabi Sushi-avdelingar i distriktet.

Truleg brot på røyr

– Eg torer ikkje seia sikkert, men det går fort éi veke eller to. Eg veit meir om nokre dagar, men akkurat nå er det der me ligg.

Det seier Svein Kåre Edland, som er medeigar og som forvaltar eigedommen. Reevegen 13 er eigd av selskapet Time Eiendom AS.

– Me kjøpte eigedommen for godt eitt år sidan. Nå viser det seg at det har vore ein fuktproblematikk i golvet som gjer at me ikkje ser annan utveg enn å ta opp golvet for å finna ut kva årsaka er.

– Det er veldig beklageleg for Marianne Orstad, som driv Sabi Sushi, legg han til.

Huseigaren seier at ingen av dei andre leigetakarane på bygget er påverka. Skadane er isolerte til hjørnet der Sabi Sushi ligg.

Ifølgje røyrleggjaren som har sett på skadane, skal eit røyr ved vasken ha hoppa av. Svikten i røyropplegget har gjort det over tid har runne væske ned under golvet, som så har leia til ròte i restauranten.