Vi nordmenn likar å tru at vi bur i eit samfunn med høg grad av likskap. Sanninga er at dei økonomiske ulikskapane i Noreg er store, og at dei har auka dei siste åra.

Skal vi gjere noko med forskjellane må vi gjere noko med ulikskapen i makt og rikdom. Når vi no opplever auka prisar på matvarer, straum og drivstoff, er det først og fremst dei som har minst som er mest utsett. For dei på toppen er det annleis. Dei har råd til å prioritere. I år har det vore eit betre år for dei som lever av å passe på pengar, enn dei som lever av å passe på ungar, gjester eller pasientar. Det vil vi gjere noko med.

I Noreg er det mange menneske som kvar dag kjempar for å få endane til å møtast. Det er ikkje haldbart at 115.000 born veks opp i fattigdom i eitt av verdas rikaste land. SV vil gje desse familiane betre råd. Vi må sørge for å gje alle familiar auka barnetrygd, gratis SFO og lågare prisar i barnehagane. I tillegg er vi nøydde til å heve inntekta for arbeidslause med låg løn og sørge for eit nivå på økonomisk sosialhjelp som det er mogleg å leve av. Dei som har minst må få meir.

Utan fast jobb er det vanskelegare å planlegge framtida og få seg bustad, og det krev meir å sei frå om urettferdige tilhøve på jobben. Hovudregelen i arbeidslivet skal vere faste og heile stillingar. SV vil styrke rettane som er kjempa fram i arbeidslivet ved å kreve norsk løn i Noreg, anstendige arbeidsvilkår for alle arbeidarar og jobbe for utjamning av lønsforskjellane. Vi må også skape eit arbeidsliv som er minst mogleg belastande og gjev høve til fritid og utfalding.

Usikre og mellombelse tilsetjingar bidreg til auka skilnader i makt og rikdom, og aukande fattigdom. SV vil kaste bemanningsbransjen ut av arbeidslivet, og styrke trepartssamarbeidet og det kollektive avtalesystemet. Eit godt arbeidsmiljø er nøkkelen til eit arbeidsliv med plass til alle.

Ei sterk fagrørsle og ein omfordelande velferdsstat er viktig for å nå måla om små forskjellar og velferd for alle. Gjennom å legge til rette for god lovregulering og at fleire organiserer seg i fagforeningane og, vil SV påverke maktforholda i arbeidslivet i favør av arbeidstakarane.

1. mai skal vi feire det finaste med Noreg – sterke fellesskap og små forskjellar. Og vi skal kjempe vidare for å bevare nettopp det.

Gratulerer med dagen!