Det er stor pågang på legekontora på Nærbø, Varhaug og Vigrestad i Hå, skriv kommunen. Mange legetimar har blitt utsett og det hopar seg nå opp med folk som vil ta igjen desse timane.

– Samtidig skal dei som jobbar på legekontora få litt påskeferie dei også, og det unner me dei verkeleg. Det betyr at det er rift om legetimane om dagen, og det som er mest alvorleg må prioriterast først. Me ber derfor om at du tenker deg ein ekstra gong om før du ringer legekontoret, heiter det i meldinga.

Dei legg ved tre punkt å huska på:

  • Det er ikkje behov for legevurdering av alle luftvegsinfeksjonar. Sjekk gjerne nettsidene til Helsenorge for råd og tips om når barnet ditt har luftvegsinfeksjon

  • Bruk eigenmelding når du kan

  • Rådet om å vera heime i fire døgn ved koronasmitte er nå fjerna. Nå er anbefalinga å halda deg heime dersom du er sjuk slik som ved andre infeksjonssjukdommar. Dersom du kjenner deg frisk kan du gå på jobb sjølv om du er smitta med koronaviruset

Uvanleg mykje influensa på denne tida av året

– Normalt sett syng influensaepidemiane på siste verset på denne tida. Det er veldig uvanleg at eit influensautbrot byrjar i mars i Noreg. Vi veit ikkje om at dette har skjedd tidlegare, seier Trine Hessevik Paulsen, lege ved avdeling for smittevern og vaksine i Folkehelseinstituttet til BA.

Dei siste vekene har influensasmitten dobla seg for kvar veke. Førre veke heldt auken fram, men ikkje like kraftig som tidlegare veker, ifølgje FHIs vekerapportering.

Det er venta at auken vil halde fram. Nøyaktig når smittetoppen vil nåast, er usikkert. Det skriv NTB.

– Det er vanskeleg å seie korleis utviklinga dei neste vekene vil bli. Det er ein del ting som taler for at smittespreiinga vil minke. Mellom anna påske med heilagdagar og at våren er på veg. Det gjer det vanskelegare for virus å spreie seg. På den andre sida er det auka reiseaktivitet og meir kontakt mellom folk enn dei siste åra, som kan føre til auka spreiing, forklarer Hessevik Paulsen.

Mange bekymra for bemanning i helsetenestene

NTB melder òg at mange nordmenn bekymrar seg for om bemanning i helsetenestene kan gå ut over pasienttryggleiken, ifølgje ei nye undersøking.

Oppgåver i helsetenesta blir framleis rekna å vere blant dei største utfordringane i Noreg, viser Helsepolitisk barometer 2022 frå Kantar, som vart lagt fram torsdag.

Dette var den viktigaste saka då undersøkinga vart gjord i januar. 56 prosent av dei spurde svarte då at dette var den viktigaste utfordringa, men utover våren har andre saker, som aukande sosiale forskjellar og klimaendringar, teke over.