Røykutvikling i bil: Fekk hjelp av naboar til å dra bilen ut av garasjen

Fredag ettermiddag fekk politi og brannvesen melding om branntilløp i ein parkert bil.

DEL

Bilen stod parkert i ein garasje på Vigrestad og meldinga kom rundt 15.30. Det er ikkje meldt om personskadar.

Hå brannvesen rykka ut etter meldinga om røykutvikling i ein bil.

– Bileigaren oppdaga røyk og fekk god hjelp av naboar til å dra bilen ut av garasjen, fortel brannsjef i Hå brannvesen Per Ivar Aniksdal.

Han fortel at brannen vart raskt sløkt og roser naboar og bileigar for å ha reagert raskt.


Artikkeltags