Klokka kvart over to natt til 17. mai fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt inn i et gjerde på Bryne. Då politiet kom til staden var det ikkje folk i bilen.

Politiet fekk kontakt med bileigaren, ein mann i tenåra. Mannen blæs til over lovleg verdi i alkometeret. Politiet mistenkte han for å ha køyrt i rusa tilstand, noko han vedgjekk.

Politiet tok naudsynte prøvar og beslagla førarkortet hans. Saka er anmeldt.

Det er operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt som meldar om dette på twitter.