Det som kom fram etter. «Gjestebodsarbeidet» med Nærbø sentrum var av ein storleik og plassering som var aksepterbar. Det som nå tek form er for Nærbø sentrum ein katastrofe, dei politikarane som går inn for dette vil ikke Nærbø Sentrum sit vel. (Sjå Jærbladet av 5. april 2022.)

Nå trur eg nok at dette er administrasjonen sitt verk, eg har vondt for å tru at dei folkevalde sitt fleirtal kan finna på å gå vidare med denne raseringa av eit triveleg torgareal som er tenleg for dei som brukar sentrum i dag.

På Varhaug har kommunen teke grep og kjøpt areal i sentrum for å påvirka utviklinga av sentrum, på Nærbø går dei aktivt inn for å øydeleggja eit vakkert torgområde som me som bur her er godt nøgde med.

Sentrum på Nærbø har som dei andre stasjonsbyane på Jæren, voksne fram kring togstasjonen. I si tid var NSB i ferd med å planleggja opprusting av stasjonen, det vart ikke noko av det, grunna dårleg politisk arbeid. Nå planlegg «dei høgare maktene» for dobbelt spor frå Sandnes til Nærbø.

Då må jernbanestasjonen på Nærbø omarbeides.

Dei politikarane som vil Nærbø sentrum (og Hå kommune) vel ventar med å planleggja nye bygg i dette området til jernbanen har planlagt sitt.

Så til alternativ:

I sentrum er der areal nok. Det beste ein kunne gjera for å «pynta opp» i stasjonen, er å gjera likt som på Varhaug: Kjøpa «gamle Underhaug og noko tilstøytande areal slik at ein får plass til eit kompakt,vakkert og tenleg bygg som kan husa dei (helse)-tenestane som vil ha nytte av ei mest mulig sentral plassering, kloss i stasjonen.

«Reimekafeen» og areala omkring, høyrer allereie kommunen til, her er der god plass til det ein måtte trengja av plasss til offentleg tjenesteyting, nå og i framtida.