Innstilde tog på Jærbanen denne veka

Bane Nor utfører veldikehaldsarbeid på Jærbanen fleire netter denne veka.

DEL

23.10, 24.10 og 27.10 vil dei seinaste og dei tidlegaste toga på Jærbanen bli innstilde.

Grunnen er at Bane Nor skal utføra naudsynt vedlikehaldsarbeid.

I vekedagane og sundag 27.10 vil arbeidet pågå frå rundt 01.00 til rundt 05.00. Det vil seie at siste tog sørover frå Skeiane vil gå 23.12.

Fredag og laurdag, 25. og 26. oktober, vil arbeidet pågå frå midnatt og til rundt 09.00. Dermed blir alle nattoga innstilde. Siste tog frå Stavanger vil kjøra 22.54, og frå Egersund 23.21.

Det vil bli sett opp buss for tog på dei togavgangane som blir innstilde.

Artikkeltags