Onsdag hadde Renate Henriksen frå Lye ein av sine beste dagar på lenge.

Så, etter å ha kome heim frå foreining på kvelden, sjekka ho lokalavisa på nett. Der venta den nedslåande konklusjonen frå styret i SeMeg.

Ho gjekk og la seg utan å få sova. Kva skjer med ungane, nå som SeMeg blir lagt ned?

I 2018 vart ektefellen arrestert, og seinare dømt til fengsel; det skapte kaos i familien.

SeMeg-stasjonen har vore tilbodet som har hjelpt mora å rydda i kaoset, då ektefellen brått forsvann. Det er berre med kontaktperson Hege Tengs, fortel ho, at ungane vil opna seg opp.

Renate Henriksen fortalde historia til Jærbladet vinteren 2021. Den gongen var ho anonym.

Nå har ho bede om å få gje eit ansikt til dei som har nytta seg av tilbodet som forsvinn ved nyttår.

Felles erfaringar

På andre sida av bordet i Jærbladet sine lokale, sit ei veninne frå Hå. Ho ønsker å vera anonym.

Dei to har mykje til felles. Dei møttest gjennom SeMeg, som i fire år har hjelpt barna deira.

Begge har opplevd at ektefellen vart dømt til fengselsstraff for å ha gjort alvorlege lovbrot.

Dei nikkar anerkjennande når den andre fortel om bortfallet av ei inntekt i hushaldninga. Men at ungane likevel har fått dra til Kongeparken, og til andre kjekke aktivitetar, som mødrene ikkje har hatt råd til sjølve.

Dei fortel om kor vanskeleg det er å nå fram til ungane, som ei mor som er sint på far, når dei ennå hugsar faren som ein helt.

At ungane er redde for at også mor skal forsvinna; dei er engstelige og sjeldan er langt vekke fra mor, anten det er dag eller natt.

At det er urimeleg at han som sit i fengsel, har tilgang på ressursar som dei uskuldige ikkje får.

Om kor godt det har vore å ha støtte til å stå opp for seg og ungane.

Kor viktig det har vore å få sleppa å forhalda seg til forelderen i fengsel, fordi SeMeg følger ungane til samvær.

Viktige samtalar

I gruppesamtalar på SeMeg-stasjonen, har ungane gjort ei viktig erfaring, fortel Renate Henriksen:

Mamma, det er jo mange som har ein far i fengsel.

– Ja, eg har liksom prøvd å seia det, men det hjelper ikkje. Her får dei sjå og oppleva det, seier ho.

Begge mødrene seier at dei har nytta seg av støtteordningar som både fylket og kommunen har for familiar.

Men det er ikkje alle familiar det funkar for – seier mora frå Hå – å koma til eit kontor for å snakka om dei vanskelege tinga.

– Kjem dei i posisjon til å snakka om det som er vondt og vanskeleg, så grip dei den med begge hender. Men om dei ikkje gjer det, så gjer dei andre ting. Dei er der for ungane, og får ein god relasjon til dei, på ein heilt annan måte enn det ein får til på eit kontor.

Den gode relasjonen dei tilsette i SeMeg har med ungane, blir trekt fram. Eksemplifisert med turane i bil.

– Ungane blir hjelpte der dei er; dei treng ikkje alltid snakka om dei vanskelege tinga. Då gjer dei gilde ting i staden.

Renate Henriksen supplerer:

– Dei kan køyra ti turar i bil, og ha det kjekt på ein leikeplass eller gå på kafé, og så under to av turane, snakkar dei om kjensler.

Forstår avgjerda

– Eg forstår veldig godt at dei ikkje kan leva frå hand til munn, slik dei har gjort fram til nå. Men at ikkje politikarane ser behovet, det er tragisk, veldig dumt og veldig sårt, seier Henriksen.

– Eg er sint, lei og trist, alt på grunn av ungane som treng dette tilbodet, seier ho.

Ho har starta opprop på nettet, og sendt e-post til ordførarane i Stavanger, Sandnes, Time, Klepp, Hå, Gjesdal og Egersund.

Kva er vitsen? spør seg ofte. Svaret, fortel ho, er at ho ønsker å veta at ho har gjort alt.

Ho fekk svar frå Time og Hå, kommunane som på visse vilkår lova SeMeg 800.000 kroner i året dei neste fire åra.

Begge mødrene stussar over at Klepp og Gjesdal ikkje har prioritert å gje eit svar på førespurnaden til SeMeg.

Mora som ønsker å vera anonym, seier at SeMeg er eit unikt tilbod.

– Eg kan ikkje forstå at ikkje politikarane ser det. Men det er nok fordi dei ikkje har vore i den situasjonen sjølve, og hatt behov for det.

Søvnlause netter

Renate Henriksen fortel igjen om korleis det var å lesa om avviklinga i avisa. Og kor krevjande det var å forklara ungane kva det betyr.

– Eg har visst om at dette kunne skje. Men du har jo eit håp, om at det ordnar seg.

Det har ordna seg før, minner ho om, gjennom siste liten-aksjonar. Denne gongen gjer det ikkje det.

– Det vart ikkje mykje søvn i natt. Og det blir fleire søvnlause netter, med bekymringar for ungane.

Tilbodet til SeMeg

SeMeg har eit tilbud fra Egersund til Stavanger til barn mellom 6 og 18 år med hovedtyngden av barna i Hå, Time og Klepp.

Aktive barn per i dag:

  • 152 barn frå Hå
  • 57 barn frå Time
  • 46 barn frå Klepp
  • 18 barn frå Gjesdal
  • 79 rest (frå Sandnes, Egersund og Stavanger-regionen)

SeMeg har hatt ein jamn auke i individuelle samtalar, frå 461 i 2018 til nærmare tusen individuelle samtalar i 2021.

Organisasjonen har tre tilsette, som deler 2,2 årsverk.

Kjelde: SeMeg

Les også

Ungdommen på Jæren har svart: Me har det bra, men skulen er ikkje heilt som han bør vera