Kulturskulen i Time byr på mykje for barn og unge i kommunen og målet er at vi skal vera ein kulturskule for alle. Vi har eit inkluderande fellesskap basert på kunstfagleg opplæring og utøving og setter eleven i sentrum som «det glødande punkt». Vi tilbyr aktivitet til dagens unge som gir rom for å utvikle dei musiske sidene ved det vera menneske, for identitetsutvikling og meistring. Kulturskulen er ein stad å vera og ein stad å læra, ein muligheit til å oppdage kunst- og kulturfaga i lag med andre og under leiing av dyktige faglærarar. For våre tilsette er det kanskje ikkje berre ein jobb det å arbeide i kulturskulen - det vert nærast som ein livsstil.

Slik helsa rektoren i kulturskulen, Guri Årsvoll dei frammøtte i Storstova forrige helg.

Fredagen var det jubileumsførestilling med innslag frå ei heil rekkje med barnegrupper og enkeltpersonar. På scena stod alt frå symfoniorkester, til lærarar, skulekorps, jazzdansarar og ordføraren.

Time kulturskule blei etablert i 1971 med plass til 123 elevar. Kommunen løyva 10.000 kroner til å starta opp med piano, gitar og ulike orkesterinstrument. Heilt fram til 1998 eksisterte skulen som rein musikkskule. Då blei faget visuell kunst starta opp og skuleslaget var dermed i utviling til å bli noko anna. I starten på dette århundret kom både dans og drama inn som eigne fagavdelingar, og i 2006 starta kulturskulen opp faget skapande skriving.

I dag har skulen fem fagområder og til saman 670 aktive elevplassar for barn og unge.