– Det har vore ei glede og ei ære å spela i denne drakta. I Dortmund har eg hatt minneverdige augeblinkar, møtt mange fantastiske menneske. For ikkje å snakka om ein supporterbase som alltid har vore ein ekstra mann på banen for oss. Den gule veggen er verkeleg utruleg. Eg kjem aldri til å gløyma noko av dette! Takk, alle saman!
Jærbuen scora sitt siste mål framfor heimefansen og «den gule veggen» i Dortmunds, då han utlikna til 1–1 frå straffemerket.
Spelaren som fort kan få i oppgåve å ta opp arva etter Haaland, Youssoufa Moukoko, vart matchvinnar fem minutt før slutt.
Sjå videoen Erling Braut Haaland har lagt ut: