– Det føregår interne og grundige prosessar rundt desse overtalige no. Kommunen har ansvar for alle tilsette, seier Sigurd Ravndal til Jærbladet.

– Skal bli godt varetekne

Årsaka til at såpass mange lærarar blir overtalige, er at Klepp ungdomsskule går ned med to klassar, cirka 50 elevar.

– Komande skuleår, 2022 til 2023, går me ned cirka fem stillingar. I tillegg kjem det tilsette tilbake frå permisjon. I alt går skulen ned med over sju årsverk, seier Ravndal.

Nedgangen i elevtalet dei to siste åra har vore to klassar per år. Grunnen er at elevane frå Tu skule no startar opp på Vardheia ungdomsskule. Framover frå neste skuleår vil elevtalet vera stabilt ved Klepp ungdomsskule.

Alle dei tilsette som ikkje lenger skal arbeida ved Klepp ungdomsskule, har fast stilling i Klepp kommune. Dei vil få tilbod på skular i Klepp. Rektoren seier at dei har samtalar med den enkelte dette gjeld. Han lover at alle skal bli godt varetekne.

– Dialog med Vardheia

– Det vil og vera ein dialog med rektor på Vardheia om mogleg overflytting dit, då ut frå eit ønskje frå den tilsette og ut frå Vardheia sine faglege behov, opplyser Ravndal.

Alle dei det gjeld er tilsett på Klepp ungdomsskule fram til 31. juli i år.

Klepp ungdomsskule har i dag i overkant av 400 elevar og nesten 60 tilsette. Skulebygget stod ferdig i 2005 og skulen får elevar frå tre barneskular, - Kleppe skule, Horpestad skule og Engelsvoll skule.