Skal du klappa for helsepersonell? Jærbladet vil ha video av din hyllest

APPLAUS: Mange vil klappa for førstelinjetenesta klokka 18.00 tysdag. Vil du?

APPLAUS: Mange vil klappa for førstelinjetenesta klokka 18.00 tysdag. Vil du? Foto:

Heile Rogaland blir oppfordra til å hylla førstelinjetenesta. Skal du delta?

DEL

Saka er oppdatert. Trykk oppdater i nettlesaren din.

Tysdag kl. 18.00 blir alle i Rogaland oppfordra til å gje eit virus-trygt "klapp på skuldra" til dei som står i frontlinja i denne unntakstida.

Oppfordringa kjem frå facebookarrangementet "Hele Rogaland klappar".

– Gå ut på balkongen, heng ut av glaset eller gå ut i hagen kl. 18.00 og gje dei eitt minutt med applaus og jubel! Få naboen ut på sin balkong, så slepper du stå einsam, er oppfordringa frå Inger Lise Svendsen og Anne Lise Alfsen, som står bak arrangementet.

Jærbladet ønskjer å vera med på hyllesta med din video.

Skal du klappa eller på andre måtar hylla dei som nå gjer ein ekstra innsats, send oss ein videosnutt. Hugs å halda mobiltelefonen liggjande, ikkje ståande.

Videoenkan du senda på redaksjon@jbl.no eller på gratistenesta WeTransfer (for større filer).

Send inn filene (maks 2 GB), med nødvendig informasjon. Skriv namnet ditt, kontaktinfo (e-post og telefonnummer) og ei kort skildring av videoen. u får stadfesting per e-post når videoen er sendt, og ein ny e-post når videoen er lasta ned av oss.



Artikkeltags