Gå til sidens hovedinnhold

Skal du på strandtur? Jæren friluftsråd har ei klar oppfordring

Denne veka står rydding av strendene på planen til Jæren friluftsråd. Dei håpar på hjelp frå alle som skal på tur.

Jærstrendene få ei skikkeleg oppreinsking. Jæren friluftsråd oppfordrar alle som skal på tur til å vera med.

Undervisning og rydding

– Heile strandryddeveka har me ivrige strandryddarar frå skular innom Friluftsfyret Kvassheim, opplyser Jæren friluftsråd på sine nettsider.

Strandryddarane får undervisning om plast i havet og blir sende ut på ryddeoppdrag.

Også på ettermiddagstid er fyret på Kvassheim ope. Her kan alle som har lyst til å ta seg ein strandryddetur, koma inn for å henta seg hanskar og sekk. Fylte sekkar kan leverast etter rydding, samtidig som ein kan få med seg ei lappe og ein kopp kaffi.

– Alle monnar dreg – ta med den irriterande plastdingsen som ligg og slenger, og kast aldri søppel andre stader enn i søppeldunken, oppfordrar friluftsrådet.

Les også

Steinkjerringas venstre arm er vekke og hun er påført skader i ansiktet: – Det finnes ikke ord for slikt

Les også

Se de flotte bildene Rebecca har laget av jærstrendene