Skal me kalla Andreas Vollsund «Litle-Trump»?

KNALLHARD KRITIKK: Svein F. Hestvaag (t.v.) kritiserer ordføraren i Time for å bruka administrasjonen politisk.

KNALLHARD KRITIKK: Svein F. Hestvaag (t.v.) kritiserer ordføraren i Time for å bruka administrasjonen politisk. Foto:

Av

Svein F. Hestvaag går hardt ut mot ordføraren i dette lesarinnlegget.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Eg konstaterer at ordføraren Time vil be rådmannen om hjelp til å snu det politiske fleirtalet før saka om datalageringssenter på Kalberg skal opp i kommunestyret den 15. desember. Ei utgreiing til 750.000 kroner er visst bare verd pengane dersom konklusjonen i folkevalde hovud går ein viss veg.

Og den vegen skal det tydelegvis gå: Sett på spissen snakkar me no om at det vil koma eit bestillingsverk som skal overtyda oss Time-politikarar om at me tar «feil»; dersom nei-vedtaket i formannskapet ikkje blir omgjort til eit ja i kommunestyret.

At utspelet frå ordføraren kan synast nedlatande overfor politiske kollegaer (som sjølvsagt har same evne til å vurdere pluss og minus ved ei sak som ordføraren sjølv, og som kanskje til og med ser på saka som eit verdival) er ei sak. At det smakar av panikk og ei noko snodig haldning til politiske prosessar, er ei heilt anna.

For kor vanleg – og kor greitt – er det at ein ordførar, dersom eit vedtak ikkje går hans eller hennar veg, spring til administrasjonen for å få ekstra ammunisjon til å trumfa – eller trumpa, som det heiter på jærsk – gjennom viljen sin?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags