Gå til sidens hovedinnhold

Skepsis til koronafullmakt: Politikarane reduserte tidsrommet

Kommunedirektør bad om lov til å gjera hastevedtak aleine. Det var politikarane skeptiske til.

Hå kommunestyre har gitt fullmakt til at ordførar og kommunedirektør skal kunna gjera vedtak i hastesaker om koronasituasjonen, utan å konferera med andre.

Reduserte tidsrommet

Kommunedirektøren ønskte at fullmakta skulle vara ut året. Det ville ikkje politikarane.

– Det er noko med å fordela makt og myndigheit som ikkje er berre-berre, og så er det noko pessimistisk å setja ein sluttdato til 31. desember, sa varaordførar Svein Høyland (Sp) og foreslo å setja datoen til andre september i staden. Forslaget var eit fellesforslag frå Sp, H og KrF.

Også hjå Solfrid Fuglseth (Ap) blinka varsellampane.

– Slike fullmakter bør ikkje løpa lenger enn naudsynt, sa ho frå talarstolen i kommunestyret.

Før-var-vedtak

Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims forsikra politikarane om at vedtaket om fullmakt berre blir gjort som eit føre-var-vedtak.

– Me håpar me ikkje får bruk for ho, sa kommunedirektøren.

Eit solid fleirtal på 29 representantar valde å støtta fellesforslaget om å redusera fullmakta til 2. september.

SV ønskte å stoppa fullmakta allereie 17. juni, medan tre representantar ønskte å la fullmakta vara ut året slik som kommunedirektøren ønskte.

Koronasaker

Fullmakta til ordføraren gjeld i hastesaker av prinsipiell karakter som handlar om koronaviruset. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjera vedtak i hastesaker om koronaviruset som ikkje er av prinsipiell karakter

Det vart opplyst i sakspapira at det vil vera naturleg at kommunedirektøren rådfører seg med ordføraren før vedtak blir gjort.

– Situasjonen knytt til koronaviruset blir endra frå dag til dag, og det vil i mange tilfelle ikkje vera tid til å kalla inn relevant folkevald organ, skreiv kommunedirektøren i saksdokumenta til kommunestyret.