Margret Hagerup (H) vil fjerna haustferien

NEI TIL HAUSTFERIE: Margret Hagerup (H) tar til orde for å fjerna haustferien.

NEI TIL HAUSTFERIE: Margret Hagerup (H) tar til orde for å fjerna haustferien. Foto:

Stortingspolitikaren frå Kvernaland seier til NRK at ho vil ha vekk haustferien.

DEL

– Med haustferie, vinterferie og fem planleggingsdagar har småbarnsforeldre tre veker der dei skal prøve å ta seg av barna, seier stortingsrepresentant Margret Hagerup (H) til NRK Rogaland.

Ho meiner at haustferien skaper unødvendige vanskar for småbarnsforeldre.

– Haustferien skapar ei tidsklemme der mange foreldre må ta med barna på jobb. Og ikkje alle foreldre har denne moglegheita heller, seier ho vidare.

Opphav i potetplukking

– Ferien kom opphavleg fordi barna skulle hjelpe til med å hauste potetar. Der er vi ikkje i dag. Kanskje det er på tide å diskutere bruken av haustferie?

Ifølgje NRK var det fram til 1960-talet vanleg at skuleelevar fekk fri for å vera med og plukka poteter. Dei siste tiåra er potetferien blitt ein heilt vanleg skuleferie, i slutten av september eller byrjinga av oktober.

Medan Margret Hagerup ønskjer haustferien fjerna, uttrykkjer både sonen hennar, Lyder Hagerup Gjesteland, og Utdanningsforbundet i Rogaland, overfor NRK Rogaland eit sterkt ønske om å behalda ferien som han er.

Artikkeltags