Jærbladet har den siste tida omtalt problematikken knytt til at ei rekkje lovbrot blir lagt vekk av politiet fordi gjerningspersonen ikkje kan straffast. Berre i løpet av dei to siste åra har politiet på Jæren henlagt 190 saker fordi vedkomande som er knytt til ugjerninga ikkje er tilrekneleg. I fjor var det 4413 slike saker på landsbasis.

Jæren distriktspsykiatriske senter (JDPS) er godt kjent med problematikken knytt til personar som er strafferettsleg utilreknelege. I dei fleste tilfella er det stor psykoseproblematikk som gjer at personane blir rekna for å vera for sjuke til å kunne straffast.

- Rusen gjer behandlinga vanskeleg

Jæren DPS ligg på Bryne og er både psykiatrisk sjukehus og distriktspsykiatrisk senter for kommunane Klepp, Time, Hå og Gjesdal. Her får blant andre personar som slit med samtidige rus- og psykiatrilidingar (ROP-pasientar) hjelp.

Direktør Nina Bolme Steinsholt, medisinfagleg rådgjevar Linda Sviland og einingsleiar på meistringspoliklinikken Inger Salte er tydelege på at dette er ei utfordrande gruppe å hjelpa.

– Rusen gjer behandlinga vanskeleg, seier dei tre.

Les også

Fire personar står bak 134 lovbrot i løpet av to år. Ingen av dei kan straffast

Rus som meistringsstrategi

– Rusbiten er ein faktor som gjer at det blir slått bein under mykje av vårt tilbod. Medisinane fungerer dårlegare i kombinasjon med rusmiddel, og rusen gjer også at ein blir mindre i stand til samarbeid. Me ser også at rusen ofte trumfar alt anna. Det vil seia at ein brukar gjerne vil ta imot hjelp, men vedkomande vil ikkje gje slepp på rusen. Brukaren vel då noko som hjelper dei på kort sikt i staden for det som vil hjelpa på lang sikt, seier Linda Sviland.

– Rus er ofte ein meistringsstrategi, men ein dårleg ein, supplerer Inger Salte.

Ei anna utfordring for behandlarane, er at dei av og til ikkje får tak i kor sjuke pasientane eigentleg er fordi rusen er med på å maskera det.

– Då får me ikkje gitt den hjelpa dei treng, seier Sviland.

I andre tilfelle kan det vera rusen som er hovudproblemet. Ein viktig del av behandlinga er å slå fast om det hovudsakeleg er snakk om rusproblematikk.

– Rusen kan kamuflera, men samtidig kan det også vera den som utløyser psykosen. Og når rusen endeleg slepp taket, forsvinn gjerne psykosesymptoma, forklarer Inger Salte.

Opplever at folk kjem ut av tilstanden

Sjølv om behandlinga er krevjande ser Jæren DPS at fleire ROP-pasientar blir hjelpte.

- Nokon kan ha vore veldig sjuke, og då er det tilfredsstillande å sjå at dei kjem ut av det, seier Linda Sviland.

Ifølgje Jæren DPS manglar det ikkje på tilbod for dei som ønskjer å ta imot hjelp.

– Behandlingstilbodet er frivillig. Det kan vera at ROP-pasientar sjølv ber om hjelp, men så kan det vera periodar der dei likevel ikkje ønskjer det, seier Salte og Sviland.

– Det er ikkje slik at me kan leggja inn nokon sjølv om dei har ei psykisk liding og driv med kriminalitet. Lovverket set begrensinger, seier Salte og Sviland, som legg til at hjelpetilbodet er ei samhandling mellom DPS, kommune og politi.

Les også

Vegard lever eit liv med rus og psykose: – Eg vil bare bli møtt som ein vanleg person

Ikkje merka endringa

I 2016 trådde ei lovendring i kraft. Denne var tilpassa psykisk sjuke kriminelle gjengangarar. Dersom vedkomande har gjort nok plagsame lovbrot, kan vedkomande bli dømt til tvungent psykisk helsevern. Tidlegare var dette forbeholdt personar som hadde gjort seg skuldige i grove handlingar som drap, valdtekt, grov vald og brannstifting.

Jæren DPS får dei som er dømt til tvungent psykisk helsevern etter at dei har vore til kartlegging og utgreiing ved ei lukka tryggleiksavdeling. Førebels har dei ikkje hatt inne pasientar som er dømde til psykisk helsevern på bakgrunn av den nye lovendringa.

Ingen saker som er blitt etterforska lokalt har endt med dom på tvungent psykisk helsevern. Dei har heller ikkje vore oppe for retten.

– Me har enno ikkje merka at denne lovendringa har skjedd. I åra som kjem vil me nok merka meir til den, seier Linda Sviland.

– Folk blir sjukare og får større utfordringar

– Når depresjonar og angst tek over, er det fleire som tyr til sjølvmedisinering med ulike rusmiddel.

Det seier Silje Gundersen, regionleiar i brukar- og pårørandeorganisasjonen A-larm. Ho kjenner godt til problematikken som oppstår i grenselandet mellom rus og psykiatri.

– Vårt inntrykk er at mange stadig blir sjukare og får psykiske utfordringar i tillegg til rusen, seier Gundersen.

A-larm er i utgangspunktet ein organisasjon for dei som er berørt av rus og deira pårørande. Dei har likevel opplevd fleire gonger å få brukarar direkte frå psykiatrisk avdeling, der hovudvekta av utfordringane er knytt til psykiatri.

– Me har mykje kompetanse på rus og på kva som trengst for å koma ut av rusen, men me er ikkje helsepersonell med kompetanse på å møta menneske med stor grad av psykiske utfordringar, seier Gundersen.

– Me ser fleire og fleire som slit psykisk, og særleg med korona-situasjonen var dette ei problemstilling som bare har blitt meir framtredande. Folk mista dei viktige, sosiale møteplassane. Mange er einsame og slit med angst, legg regionleiaren til.

Dette er A-larm

A-larm er ein landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjon innan rusfeltet.

Stifta som A-klinikkens venner i 1995, og er den eldste brukarorganisasjonen i landet.

Vart starta av pasientar som hadde vore i behandling og hadde behov for ein samlingsstad.

Eit supplement til offentlege tenester og har tilbod til heile familien. Tilboda er gratis.

Drifta av blant anna Helsedirektoratet og er delt inn i fem ulike regionavdelingar.

Organisasjonen har til saman 140 tilsette og er stadig i vekst.

A-larm Rogaland har stort sett tilsette med eiga erfaring frå rus eller som pårørande.

Tilsette bruker av si eiga erfaring for å hjelpa dei som ønskjer ein betre kvardag.

A-larm har eit tilbod på Bryne.

– Velkjent problematikk

Når depresjonar og angst tek over, er det fleire som tyr til sjølvmedisinering med ulike rusmiddel.

– Det eine fører til det andre og ein kan koma inn i fastlåste mønster som er svært vanskelege å bryta ut av, seier ho og legg til at A-larm tilbyr sjølvhjelpsgrupper eller aktivitetsgrupper.

Organisasjonen har eit tilbod på Bryne.

– Eitt av formåla gruppene våre er at me skal vera ein trygg møteplass for alle som deltar. Viss personar er i psykosar, kan dette opplevast utrygt for dei andre, og eg trur heller ikkje personen sjølv får ei god oppleving. Me er opptekne av at folk skal få den hjelpa dei har krav på og behov for, seier Gundersen.

Frå ROP-pasient til ressursperson

– Eg trur at dei fleste ROP-pasientar har eit ønske om å betra situasjonen sin, men at dei ikkje veit korleis. Det er så mange vonde ting som overskygger tanken om at det finst eit håp – at det går an å få eit betre liv. Når ein er langt nede, har ein ikkje tru på det, seier ho og avslører at akkurat dette har ho eiga erfaring med.

Mange av dei som er tilsette eller frivillige hjå A-Larm har sjølv hatt merkelappen ROP-pasient. I dag er dei ressursar i samfunnet og bruker tida si på å vera støttespelarar for personar med ulike utfordringar.

– Kven skulle trudd det når dei var på det verste? Kanskje aller minst dei sjølv, seier distriktsleiaren og legg til at det er eitt motto som kan vera på sin plass her:

– Så lenge det er puls, er det håp.

Det lovtomme rommet

Denne artikkelen er ein del av ein større nyheitsdokumentar kor Jærbladet ser på problemstillinga med lovbrytarar som ikkje kan straffast. Dei er for sjuke til å kunne bli dømt til fengsel.

Kvart år legg politiet i Noreg vekk tusenvis av saker fordi gjerningspersonen ikkje er tilrekneleg. Jærbladet har avdekka at det på Jæren er blitt lagt vekk 190 lovbrot på dette grunnlaget bare i løpet av dei to siste åra.

Ei ny lov frå 2016 skulle gjera det enklare å dømma desse lovbrytarane til tvungent psykisk helsevern. Likevel har talet på saker som blir henlagt på dette grunnlaget, bare økt.

Ingen av sakene som er blitt etterforska ved Jæren lensmannskontor, har endt med dom på tvungent psykisk helsevern etter den nye lova.

I denne dokumentaren ser me på kvifor det er slik, og korleis vanlege folk blir råka av lovbrota.

Kven er personane som ikkje kan straffast? Og kva kan samfunnet gjera?

Prosjektet er gjort i samarbeid med Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) ved Universitetet i Bergen.

Her kan du lesa alle sakene som hittil er publisert i serien Det lovtomme rommet.