Gå til sidens hovedinnhold

Smittesituasjonen i Hå: – Alle arrangement for barn og ungdom bør avlysast

Hå kommune tilrår å avlysa alle arrangement på tvers av skuleklassar og kohortar.

Bakgrunnen er den pågåande smitteutviklinga i ungdomsmiljøet i Hå – eit miljø som strekk seg over heile kommunen.

– Det er særs viktig at ungdommar avgrensar kontakten med andre ei tid framover. Det vil vera nødvendig for å avgrensa smitteutviklinga, seier fungerande kommuneoverlege, Anders Madsen.

Råda om å avlysa arrangement gjeld frå og med i dag, 10. april, til og med måndag 19. april.

Over 200 i karantene

Berre i løpet av torsdag og fredag denne veka har 20 nye personar testa positivt for covid-19.

Kommunen opplyser at over 200 personar nå er i karantene som følgje av det pågåande smitteutbrotet.

I tillegg kjem elevar og klassar som er sette i karantene ved både Tryggheim vidaregåande skule (tre klassar), Tryggheim ungdomsskule (ein klasse) og Nærbø ungdomsskule (to klassar).

Kommunen opplyser at smittesporingsteamet arbeider på spreng.

– Når så mange personar skal kontaktast, tek det litt tid å få tak i alle, men alle involverte skal få beskjed, opplyser kommunen.

– Ikkje ute av kontroll

Ordførar Jonas Skrettingland fortel om ein krevjande situasjon.

– Det er snakk om ungdommar på tvers av tettstader og kommunegrenser, så det er litt krevjande å nøsta opp i smittevegane. Det er mange nærkontaktar som skal testast, seier han.

Skrettingland er likevel klar på at situasjonen ikkje er ute av kontroll.

– Nå blir mange oppfordra til å testa seg og me er veldig spente på kor mange som kjem til å testa positivt, seier ordføraren.

– Nå tilrår de å avlysa aktivitetar for barn og unge. Er det aktuelt å stramma inn ytterlegare?

– Nei, me er ikkje der ennå. Eg har tru på at me vil få kontroll på dette, seier Skrettingland.

Han oppfordrar alle til å ta råda om å ikkje samla barn og unge på tvers av kohortar på alvor.