– Me innfører no regelmessig testing to dagar i veka av elevar og lærarar på eit trinn på Vardheia ungdomsskule, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Føresette til elevane dette gjeld har fått informasjon om dette frå skulen.

– Me forventar at dei fleste barn og unge vert smitta i månadene som kjem, og me vil derfor ha koronasmitte i skulane framover. Myndigheitene sin strategi inneber å bremsa smittespreiinga for å unngå for mange sjuke samtidig, og regelmessig testing er då eit godt verkemiddel. For å få god effekt av testinga, er det viktig at så mange som mogleg deltek, men testinga er frivillig. seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Barn og unge under 18 år vert av FHI anbefalt fritidskarantene om dei vert definert som nærkontakt. Elevar som deltek i regelmessig testing, kan delta på fritidsaktivitetar og sosiale samankomstar på fritida så sant dei ikkje testar positivt.

Heimeskule for ein klasse

Ein av klassene på trinnet har ekstra stort fråvær, og vil derfor ha heimeskule resten av veka.

– Då det er mykje fråvær i ein klasse ser me at det vil vera betre for elevane i denne klassen at me har heimeskule dei neste dagane. Me har gode digitale hjelpemiddel, og ser at desse fungerer godt for både lærarar og elevar, seier skolesjef i Time, Pamela Sudman.

– Det beste for elevane er å vera på skulen, og målet vårt er at elevane skal få ha ein mest mogleg normal skuledag. Heimeskule vert derfor berre innført i dei tilfella det er nødvendig, legg ho til.

Ho understreka også at det ikkje er smittesituasjonen i seg sjølv som gjer det nødvendig med heimeskule, men at det er det totale fråværet blant elevane som gjer at heimeskule vert innført.