– Me har mange arbeidsplassar innan mekanisk industri og trearbeid. Men me ønskjer eit større utval i kva arbeidsoppgåver me kan tilby. I tillegg ønskjer me å visa fram kva Jæren Industripartner er. Alle dei andre avdelingane våre ligg på industriområde, her blir me sentralt plasserte på Bryne, seier dagleg leiar Svein Axel Johannessen i Jæren Industripartner.

Lang erfaring med middagar

Jæren Industripartner er eigd av kommunane Time, Klepp og Hå og sysselset 100 personar som har behov for varig, tilrettelagt arbeid, og attføring til ordinært arbeid. Verksemda har avdelingar tre stader: på Øksnevad, på Håland ved Bryne og på Nærbø. Kafedrift har aldri før vore eit tilbod.

Namnet på kafeen skal vera Huldas Kjøkken, slik det var då det polske paret Krystyna og Pawel Mikolajczyk dreiv kafe på same staden.

Åse Irene Nedrebø er dagleg leiar ved kafeen. Ho har lang erfaring med å laga mat til folk på Jæren.

– Eg er utdanna konditor, og det kan henda at eg vil smella i hop ei kake innimellom. Mange har smakt middagane mine, og eg har vore med og laga middag på samfunnshuset på Undheim gjennom mange år, fortel Nedrebø.

– Kva skal stå på menyen i den nye kafeen?

– Det er ikkje endeleg klart, og vegen må laga seg etter kvart som me går. Men me tenkjer noko varmt, noko påsmurt, noko sundt og noko søtt, svarer Nedrebø.

Gjer noko med atmosfæren

Jæren Industripartner søkjer no etter ein arbeidsleiar ved kafeen. Planen er at cirka 10 av Jæren Industripartner sine tilsette skal arbeida med mat og catering.

– Me har også aktivitet i kantina vår på Håland der me leverer ut eit varmt måltid i veka til alle tilsette. I tillegg driv me kantine for ei verksemd i Vardheia. Me vurderer også marknaden for cateringlevering. Planen er å starta i det små, så ser me kor vegen går vidare, seier ho.

Inger Undheim, dagleg leiar ved Garborgsenteret på Bryne, seier at det blei stussleg då kafeen i biblioteket og Garborgsenteret stengde dørene i 2020.

– Ein kafe gjer noko med heile atmosfæren, og det er positivt for både biblioteket og Garborgsenteret. Eg ser veldig fram til at me igjen skal få servering i lokalet. Ein kafe betyr mykje, både for publikum og for me som arbeider her, meiner Undheim.

Eit år med store kontrastar: Rekordresultat, drap og nedbemanning

Uvisst når opnar

Lars Enevoldsen, styreleiar i Jæren Industripartner, seier at dei lenge har vore på utkikk etter eit breiare tilbod i arbeidsoppgåver.

– Me har sett etter ein eigna plass for kafedrift. Mykje fall på plass då utval for levekår hadde synfaring i biblioteket i november. Deretter har ting skjedd veldig raskt, fortel Enevoldsen.

Alle har god tru på at kafeen vil bli eit samlingspunkt.

– Me tenkjer også at dette kan bli ein stad der dei som arbeider ved Jæren Industripartner kan møta kvarandre i fritida. Me har folk som arbeider med sying, og muligens kan den verksemda flyttast inn i kafeområdet, slik at dei kan kombinera kafearbeid og syoppgåver. Jæren Industripartner er ein viktig arbeidsplass for dei tilsette, kommunane og samfunnet. Me ser fram til å bli meir synlege, seier Svein Axel Johannessen.

Det er uvisst når kafeen opnar.

– Me må sjå an utviklinga av koronaen. Det er alltid eindel som må på plass, og me hastar ikkje. Men me opnar så snart det let seg gjera, seier Åse Irene Nedrebø.