Måndag morgon. Kalenderen seier 27. mars, og i helga innførte me sommartid.

Utsikta seier vinter.

Jærbladet sin morgonvakt, som har gledd seg over stadig lysare morgonar på togturen sørover mot Bryne litt før klokka sju kvar dag, må konstatera at i dag er det ganske mørkt att.

Og som Jærbladet melde i helga: Det er delte meiningar om dette med å driva å skru klokka fram og tilbake.

Litt før klokka halv sju mandag morgon melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter om ei stille natt. Men dei kjem også med ei oppmoding:

«Kong Vinter rasler med sine, forhåpentligvis siste, krampetrekninger, og publikum bes ferdes etter forholdene hvis de skal ut i trafikken», heter det i politiets morgenmelding.

Yr.no gjev litt trøyst til dei som ikkje er klare for meir snø, no: Det er ikkje så store mengder som har kome enno. Det kan koma litt meir utover morgonkvisten, men det skal bli plussgrader, og måndag ettermiddag skal det skina opp og bli sol. Men til natta skal det skya til att og bli kaldare, så tysdag morgon kan det også koma litt snø.

Litt trøyst er det også at det ikkje er så lenge til morgonane blir lysare att, heller.

I dag, måndag, er soloppgangen på Jæren klokka 07.20. Og så blir han tre minutt tidlegare for kvar dag framover, så i midten av april er morgonlyset tilbake der det var før me stilte klokka i helga. Og me har fått lengre kveldar, og det blir lysare og lysare heilt fram til midtsommar.