På morgonkvisten tysdag lavar det ned med snø, som har lagt seg både på hus, mark og på vegar og fortau.
Det betyr at det også i dag kan vera lurt å ta seg litt ekstra god tid viss ein skal ut og køyra bil, sjølv om det er brøyte- og saltebilar ute og sjå.
Når kjem våren? spurte Jærbladet måndag førmiddag. Spørsmålet gjekk til vakthavande meteorolog for Vestlandet, Susana Reuder.
Ho varsla at eit nytt lågtrykk var på veg tysdag, og at det er venta periodar med nedbør og vind frå sør. Snøgrensa kjem til å stiga i løpet av dagen, men i dei første morgontimane kan det koma som snø, meldte ho – og har fått heilt rett så langt.
Torsdag er det venta endå eit lågtrykk, men det er varsla mildare temperaturar.
– Det blir litt mildare framover. Viss eg ser på neste veke, påskeferien, blir det stort sett opphaldsvêr og periodar med sol. Me ser ikkje nedbør, og midt på dagen er det oppe i rundt sju grader, fortel Reuder.
Ho kan ikkje garantera at det me ikkje ser snøfillene fyka i april også.
– Skilnaden mellom lågaste og høgaste temperatur, er allereie ganske stor, og det er eit typisk teikn på våren. Men denne perioden på året er ganske usikker. Det kan koma snø i april, men det ser ut til at det blir bitte litt mildare, sa Reuder.

Så mykje har kommunane i snøbudsjett, og slik ligg dei an
