Stengde skular: – Eg er litt sjokka

PÅ VEG HEIM: Shalima Duman (19) var ein av mange skuleelevar som vart sendt heim torsdag. Ho er elev ved Bryne vidaregåande skule.

PÅ VEG HEIM: Shalima Duman (19) var ein av mange skuleelevar som vart sendt heim torsdag. Ho er elev ved Bryne vidaregåande skule. Foto:

Alle skular og barnehagar i heile Noreg blir stengde frå og med fredag 13. mars.

DEL

Utanfor Bryne vidaregåande skule står elevar og ventar på å bli henta. Ei av dei er Shalima Durman (19).

– Eg er litt sjokka, seier 19-åringen, som akkurat har fått beskjed om at skulen hennar blir stengt som ein del av det pågåande smittevernarbeidet.

– Eg syns det er bra at me stengjer nå, for eg er heilt sikker på at det er nokon på skulen som har koronaviruset utan å veta det sjølv, seier ho og legg samtidig til at ho ikkje har lyst til å gå rundt og vera redd.

– Samtidig så kjenner eg jo litt på det, innrømmer ho.

– Må stola på råda

Durman går idrettslinja og tek i tillegg vakter i helsevesenet, nærare bestemt på Sivdamsenteret på Bryne.

– Det har allereie kome til Bryneheimen, så det er jo litt nifst, men me må berre stola på råda me får, følgja dei og ta dag for dag, seier 19-åringen.

STENGT SKULE: Vegard Grimstad (t.v) og Isak Lende Elamari må belaga seg på å jobba med skulearbeid heime.

STENGT SKULE: Vegard Grimstad (t.v) og Isak Lende Elamari må belaga seg på å jobba med skulearbeid heime. Foto:

Heimearbeid

På veg ut av hovudbygget, møter Jærbladet 17-åringane Vegard Grimstad og Isak Lende Elamari. Dei er begge elevar på vg1 og fortel at skulen legg opp til mykje heimearbeid.

– Det blir på ein måte skuledagar heime, men eg trur det kan bli vanskeleg å finna motivasjon. Det er så mange andre freistingar heime, seier Grimstad og nemner speling og fjernsyn.

Dei to er ikkje så redde for å bli smittaav koronaviruset sjølv, men tenkjer på eldre slektningar.

– Eg sa til mormor at ho ikkje får lov å gå ut av huset, seier Elamari alvorleg.

– Veldig roleg på fritida

Det er ikkje berre skulen som stengjer dørene. Det meste av fritidsaktivitetar blir også sett på pause.

Begge 17-åringane er aktive på fritida. Grimstad speler handball på Nærbø og Elamari fotball i Klepp IL. Nå er både treningar og kampar avlyste. I tillegg er hallane låste og treningssenter stengde.

– Det kjem til å bli veldig roleg, slår dei to fast.

– Kva skal de gjera på fritida nå?

– Eg vil vera med vennar, prøva å ha det gildt og trena litt sjølv. Me kan jo ikkje berre sitja inne, seier Grimstad.

– Ja, det blir litt sånn at me ikkje har noko gildt å sjå fram til nå. Alt er jo avlyst, men me må iallfall ha det litt sosialt, legg Elamari til.

TUNG LAST: Sanne Skeie (17) ventar på å bli henta av mor. - Eg må få hjelp til å få med meg alle bøkene heim, ler ho.

TUNG LAST: Sanne Skeie (17) ventar på å bli henta av mor. - Eg må få hjelp til å få med meg alle bøkene heim, ler ho.

Vil sakna skulekvardagen

Like ved utgangsdøra sit Sanne Skeie med ein stor stabel med bøker.

– Ja, nå blir det skule heime, seier ho med eit litt oppgitt smil, og legg til at det nok skal gå ganske greitt.

Ho går på Helsefag og er i gang med eit læringsoppdrag som inneber ein del sjølvstendig arbeid. Men ho kjem til å sakna skulekvardagen.

– Det er sosialt å gå på skulen. Det er dumt å mista det, seier ho og legg til at fritida også vil bli ganske annleis dei neste vekene.

– Eg trener handball med damelaget på Varhaug. Nå er alt avlyst og styrkerommet er stengt. Situasjonen er ganske spesiell, seier ho.


Artikkeltags