Det var under rutinemessig vedlikehald at Statens vegvesen oppdaga at Skadsem bru, rett nord for Voll, var i dårlegare stand enn dei trudde. Brua var for skada til å reparerast og blei fjerna i april i fjor. Seinare blei det laga ei mellombels bru på staden.

– Ei ny bru blei bestilt, men godkjenninga frå Veidirektoratet trekte ut i tid. No er vi glade for å komme i gang, seier byggeleiar for bru John-Olav Kirkengen i Rogaland fylkeskommune.

I samband med at ei ny bru skal armerast og støypast, blir den mellombelse brua no fjerna. Brua vert difor heilt stengt frå 22. mars til 14. april.

Brua ligg på fylkesveg 4480, Skasvegen, og kryssar Leabekken i Klepp kommune.