Regjeringa lova i Hurdalsplattformen at det skulle verta sterkare vern av matjorda her i landet.

Nå kjem stortinget med reglar om at det ikkje skal byggjast ned meir enn 2000 mål i året. Tidlegare har det vore nedbygd opptil 6000 mål i året. Norge har bare tre prosent av arealet som er dyrka og dyrkande jord.

Med denne bakgrunn er det heilt meiningslaust å byggja ned matjorda når det er så lite matjord. Norge er eit av dei landa i Europa som har minst matjord per innbyggar.

Sidan 1950 og fram til nå, mens folketalet har auka frå 3,6 millionar til 5,4 millionar, er det nedbygd ein million mål matjord her i landet. Det er ti prosent av den matjorda me har.

Elles så er det jorda rundt byar og tettstader som er nedbygd. Det er til vanleg jord som det kan dyrkast korn på, og den jorda er den viktigaste i matproduksjonen.

Dyrkar ein korn på ein million mål og reknar ei avling på 500 kilogram per, mål, vil det årleg gi ei avling på 500 millionar kilogram korn.

Bakar ein brød av dette kornet, og brukar eit halvt kilogram korn per brød, vert det ein milliard brød per år.

Kvar nordmann kan av denne avlinga få 200 brød i året. Har me råd å øydeleggja ein slik matproduksjon?

Nå vert det interessant å sjå om denne innstraming får innverknad på debatten om bruk av matjord. Det burde vera ein svært enkel sak å få utbygginga av næringsliv over på dei 97 prosentane av anna areal som me har her i landet.

I min eigen heimkommune Time, er det bare å gå fem-ti kilometer så er det nok av lite produktive utbyggingsareal. Likevel har det vore store diskusjonar om ein skal verna matjorda til matproduksjon.

Nå får me håpa at alle forstår at det ikkje går å halda fram med nedbygging av matjord, og deltek i ein positiv diskusjon om korleis me skal utvikla landet vårt.

Etter mitt syn vil me byggja eit mykje betre framtidsamfunn der ein har ein solid eigen matproduksjon, og samla legg til rettes slik næringsliv og bustadbygging kan utvikla seg til folkets beste på dei 97 prosentane av arealet som ikkje kan brukast til matproduksjon.