– Dette er viktige tema å ta opp og vita om, for å forstå meir om kva som skjer i lokalmiljøet og ungdomsmiljøet i bygda. For det me veit om, det kan me vera obs på, seier Grethe Stokland.

Ho får støtte av sidekvinnene, Torill Lode Bøylestad og Ingebjørg Myklebust, kort tid før politikontakten i Klepp, Asgeir Jakobsen, går på scena i festsalen i Klepp rådhus.

«Delbart?» handlar om deling av seksualiserte bilde av barn og unge. Det er det første av tre foredrag under tysdagens arrangement, som er retta mot foreldre i Klepp med barn mellom 10 og 16 år.

Kveldens to andre foredrag er ved Nav og organisasjonen Alternativ til Vold, om vaksenrolla mellom barn og ungdom.

«Delbart?» tar utgangspunkt i historia om «Kaisa», som like gjerne kunne handla om «Kristian», forsikra Asgeir Jakobsen:

Samspel mellom aktørar

– Eg er imponert over korleis de står saman i Klepp, for å gjera det beste for ungar frå 10 til 16 år. Når eg seier «Klepp», er det eigentleg ei heil rekkje med folk, fordi de samarbeider. Det er ikkje berre sånn at det er kommunen som står fram, innleia konferansier Tanja Uggerud, før ho gjekk gjennom rekkja av samarbeidspartnarar.

Rekkja inkluderer Nav, politiet, fritidsklubben Axis, Klepp bibliotek og resten av kulturavdelinga i kommunen, men også næringslivet, som dei siste tre år har måtte avlysa sin årlege moglegheitsdag.

Utanfor festsalen hadde fleire av aktørane stilt seg opp med eigen stand, for å visa kva tilbod Klepp har å tilby.

Kulturavdelinga viste fram breidda av fritidstilboda i Klepp, under vignetten «Alle med».

Helsestasjonen, familieeininga og det tverrfaglege teamet som jobbar med barn og ungdom, var også representert.

– I staden for at me har ein foreldrekveld der me står og snakkar i fem minutt kvar om dei tenestene me har, så er det henta inn dyktige foredragshaldarar med kompetanse på enkeltemne. Så kan heller kan folk koma bort å snakka med oss når me står på stand, seier Cato Wallin, som leier det tverrfaglege teamet.

Næringslivet er med

For kjøpesenteret Jærhagen var det naturleg å vera med som arrangør, fortel senterleiar Siri Øksnevad Olsen.

– Me treff ungdommane heile tida, på godt og vondt. Me ønsker å vera med på dette, for at dette kan vera med å laga ein god dialog med både foreldre og ungdommar. Det er viktig for oss å spela på lag.

Ho får støtte frå Odd Byberg, leiaren i Klepp næringsforeining. Han seier at det er et viktig å backa ungdommen i Klepp, som han vil behalda i kommunen og gjerne ha inn i næringslivet etter kvart.

Tysdagens seanse skal følgast opp med ein ny i oktober, med Leo Ajkic og statsforvaltar Bent Høie på deltakarlista.