– Eg tykkjer det er djupt tragisk, og eg tykkjer det var tungt at stortingsfleirtalet var villige til å vedta noko sånt mot ei heil næring, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til Nationen etter vedtaket.

– Ein trist dag for norsk landbruk

Senterpartiet og Arbeidarpartiet stemte mot forbodet då saka var oppe til avstemming rundt midnatt natt til fredag.

På tilhøyrarbenkane sat representantar frå pelsdyrnæringa saman med blant anna leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit.

– Ein trist dag for norsk landbruk, er Epletveit sin korte kommentar på sin eigen facebookkonto.

Både ho og pelsdyrbøndene var på førehand klare på at dei forventa full erstatning ved ei styrt avvikling. Slik vart det ikkje.

Forslaget om full erstatning kom frå Senterpartiet, men fekk altså bare 68 stemmer. Det var på førehand varsla at tre representantar frå regjeringspartia også ville støtta senterparti-forslaget. Då avstemminga kom, stemde alle regjeringspartia samla.

Pelsdyrnæringa har sjølv anslått at ei avvikling vil kosta minst 2,3 milliardar kroner, noko som er mykje høgare enn den økonomiske ramma regjeringa har sett seg på 505 millionar kroner.

–Ein siger for dyrevelferda

For Venstre var vedtaket i Stortinget ein siger. Det var Venstre som fekk med avviklinga av pelsdyrnæringa i regjeringsplattforma då dei gjekk inn i regjering i januar i fjor.

Også Dyrevernalliansen feira vedtaket.

– Dette er ein enorm siger for dyrevelferda og folkeviljen, melder organisasjonen på sine facebooksider.

Torsdag blir framtida til pelsdyrbøndene bestemt: - Me har håp til siste slutt, men fryktar me blir ruinerte