Det skjedde klokka 14.10 på parkeringsplassen ved Extra-butikken og Espenes på Kleppe.

Sven Magne Anda hadde vore og handla på Extra og stod på parkeringsplassen utføre. Då kom det ein sølvgrå Audi ryggande, og han stoppa ikkje før bakhjulet stod oppå høgrefoten hans. Der stod bilen eit par-tre sekund, og så sette han fart framover og køyrde avgarde.

- Eg var nok heldig som hadde på tursko med god såle, som fekk dempa det store trykket litt. Men det gjer skikkeleg vondt no, fortel kleppsbuen til Jærbladet ein god halvtimes tid etter den utrivelege hendinga.

- Trur du at bilføraren merka noko?

- Eg veit ikkje. Vedkomande burde jo ha sett meg i spegelen, i alle fall. Eg stod på førarsida av bilen, heilt inntil bilen, så eg må jo ha vore synleg, seier Anda, som håpar at bilføraren tek kontakt med han.

- Eg skulle ha teke bilde, eller i alle fall merka meg registreringsnummer og biltype. Men eg blei så forfjamsa. Men eg veit at det var ein sølvgrå Audi, sannsynlegvis ei stasjonsvogn av litt større type, med registeringsnummer som begynte på RK, seier Anda.