Sykkel mot bil ved Varhaug kyrkje

Ein person til legevakt etter trafikkuhell fredag.

DEL

Politiet melder om eit trafikkuhell mellom syklist og bil rett over halv tre fredag ettermiddag.

Syklisten er ein mann i 70-åra.

- Han ville helst rett heim, melder politiet, men legg til at han likevel vart teken med til legevakta for ein sjekk.

Uhellet skjedde like ved Varhaug kyrkje.


Artikkeltags