Sykkelaksjon: Kommunetoppar på hjul til jobb

SYKLA TIL JOBB: Fire rådmenn på veg til jobb. Frå venstre: Trygve Apeland (Time), Anne Berit berge Ims (Hå), Knut Underbakke (Gjesdal) og Torild Lende Fjermestad (Klepp).

SYKLA TIL JOBB: Fire rådmenn på veg til jobb. Frå venstre: Trygve Apeland (Time), Anne Berit berge Ims (Hå), Knut Underbakke (Gjesdal) og Torild Lende Fjermestad (Klepp). Foto:

«Sykle til jobben»-aksjonen er i gang. Tidleg tysdag morgon la toppleiinga i jærkommunane ut på hjul.

DEL

Rådmennene i Klepp, Time, Hå og Gjesdal starta i samla flokk utanfor Sandnes rådhus 07.00 tysdag morgon. Målet var Hå rådhus på Varhaug.

– Me vil gjerne medverka til at tilsette tek sykkelen eller føtene fatt for å koma seg på jobb og elles held seg i fysisk aktivitet, seier Anne Berit Berge Ims, rådmann i Hå kommune.

Fyrste stopp Klepp

For dei fire kommunetoppane var fyrste stopp på vegen Klepp rådhus, der Klepp-rådmann Torild Lende Fjermestad takka for seg, medan Trygve Apeland, rådmann i Time og Knut Underbakke, rådmann i Gjesdal, like så godt følgde Hå-rådmannen heilt til rådhusdøra på Varhaug.

«Sykle til jobben» er ein årleg kampanje med mål om å få flest mogleg i aktivitet.

Kampanjeperioden er frå 19. mai til 30. juni.



Artikkeltags