Syklist krasja med fotgjengar

Fotgjengaren fekk vondt i foten etter møte med syklist på Tjøtta.

DEL

Politiet i Sør-vest melder på Twitter at det har vore eit uhell mellom ein syklist og ein fotgjengar langs Kåsenvegen i Time. Naudetatane er på staden, og politiet skriv at trafikken går som normalt.

Fotgjengaren skal ha klaga over vondt i foten, og har sidan blitt frakta til legevakten. Det blir oppretta ein sak av politiet.

Artikkeltags